Hamna Badstue er eit prosjekt initiert og bygd av Volda Rotary, med mål om å skape eit inkluderande og helsebringande tilbod for lokalsamfunnet.
Gjennom dugnadsånd og engasjement har vi skapt ein stad der folk kan samle seg, finne ro og nyte dei helsefordelane som badstue gir – anten åleine, med vener eller som ein del av eit større fellesskap.
For å sikre ein god og moderne drift av badstua, har Volda E-sport teke på seg ansvaret for administrasjon og vedlikehald. Med fokus på digital løysingar og effektiv drift, gjer dei det enkelt for alle å booke, bruke og oppleve badstua på best mogleg vis.
Saman gjer vi Hamna Badstue til eit lågterskeltilbod for velvære, trivsel og gode opplevingar i Volda. Vi ønskjer alle velkomne til å senke skuldrane, nyte varmen og ta eit forfriskande bad i fjorden!
Bli med oss – kjenn varmen, pust inn sjølufta og nyt stunda!